Opseth og Kjelsnes AS er eit firma driven av to fagfolk med lang erfaring innan transport, kran og montasje. Opseth og Kjelsnes AS vart etablert i 2023 og er stadig i vekst.
Torstein Opseth har over 14 års erfaring innan montasjearbeid, med spesialisering på betongelement og konstruksjonar. Han har fagbrev i montasjefaget og har i tillegg kompetanse til å utføre både kran- og transportoppdrag, noko som gjer han i stand til å håndtere heile prosessen frå montasje til transport på ein trygg og effektiv måte.
Krister Kjelsnes har over 13 års erfaring i transport- og kranfaget, med spesialisering i både mobilkran og kranbil. Han har stor erfaring med krevjande løfte- og transportoppdrag, og er ansvarleg for alt frå mindre til store kranløft. Kjelsnes sørger for at alle løft blir utført med høg presisjon, tryggleik og i samsvar med gjeldande forskrifter.
Saman tilbyr vi pålitelege, trygge og effektive løysingar med fokus på kvalitet, god kommunikasjon og punktleg levering.
Hos oss er ingen oppdrag for små! Kontakt oss gjerne for meir informasjon, befaring, pristilbod og ein hyggeleg prat. Konkurransedyktige prisar og kvalitet i arbeidet frå fagfolk!