Vi har lang og solid erfaring innan kranfaget, og tilbyr kranbiler med løftekapasitet frå 50 til 110 tonnmeter. Våre løysingar inkluderer kombikranbil med plan eller jumbotralle med uttrekk, som gir stor fleksibilitet og rekkevidde i ulike oppdrag. Våre kranbilar opererar i Førde, Sunnfjord og omegn.
Vi disponerer også vakuumåk med justerbare vakuumkoppar, noko som gjer utstyret svært allsidig. Dette gjer det mogleg å løfte og handtere blant anna skyvedører, glass og vindauge – heilt opp til 600 kg – på ein trygg og presis måte.
Vi har også godkjent fastmontert person korg som gjere det mulig for arbeid i 30 meters høgde eller arbeid under bakkenivå osv.